Enkle og elegante nettsider for Easee
I samarbeid med Studio Oker
Easee lager ladere som er enkle og elegante. Sammen med Studio Oker har vi sørget for at nettsidene også skal være det.
Bjørnar Tollaksen er dagleg leiar (og utviklar) og kan svara på det meste:
bjornar@grensesnitt.no
911 00 918
Treng du hjelp?
Er du allereie kunde hos oss kan du kontakta oss på support@grensesnitt.no og du får hjelp hos fleire av våre gode utviklarar.
Grensesnitt vart starta av Bjørnar i 2018. Han hadde eit ønske om å hjelpa folk å laga bra digitale løysningar, og det har han fått med seg nokon fleire til å gjera. Saman sit me i 13. etasje i Høghuset på Bryne og nyt utsikta over Jæren når me ikkje kikkar konsentrert på skjermane våre.
Dagleg leiar
Bjørnar har jobba med nettsider og webapplikasjoner sidan han var ungdom. Då han fylte 18 år etablerte han eit enkeltpersonføretak for å byrja å jobba for ulike kundar. Bjørnar er over snittet oppteken av design, og jobbar tett med dyktige designarar for å laga nettsider og andre digitale løysingar av høg kvalitet.
Kjernekompetanse
Teknologiar
Operativ leiar
Marek jobbar med den daglege drifta i Grensesnitt, og sørger for at alle trivst best mogleg hos oss. Med eit auge for detaljar og ei genuin interesse for å levera den beste brukaropplevinga, bidrar Marek til at Grensesnitt leverar høg kvalitet i alle ledd. Marek har ei utdanning innan økonomi, men har jobba med IT-faget sidan 2005.
Kjernekompetanse
Teknologiar og program
Utviklar
Vegard Hanssen har jobba med både utvikling og drift i 20 år. Han har hatt driftsansvar for XaitPorter – eit forretningskritisk system for anbodsprosessar for olje- og energisektoren (m.m.). Han er over snittet interessert i sudoku, og har gitt ut over 40 bøker om sudoku gjennom Cappelen Damm. Vegard er vårt Mensa-medlem som tar komplekse algoritmeoppgåver på strak arm.
Kjernekompetanse
Teknologiar
Designar
Bakgrunnen som industridesignar gjer at Martha er særs oppteken av å laga godt designa løysingar som er enkle og effektive å bruka. Ho likar godt å setja seg inn i nye bransjar og er ikkje framand for komplekse utfordringar. Basert på forståinga av utfordringa, kombinerar og balanserar ho forretningsmål og brukaroppgåver og drar dette over i konkrete skisser og digitale prototypar. Før ho kom til oss i Grensesnitt har Martha jobba i 13 år i Netlife Design i Oslo, eit av Noregs fremste digitalbyrå.
Kjernekompetanse
Teknologiar og program
Utviklar & designar
Bjørn har jobba i reklame- og kommunikasjonsbyrå i 5 år som utviklar og designar. Han har laga kunstinstallasjoner, portalsider, kampanjesider, spel, quiz for kundar og designarar med stormannsgalskap. Bjørn trivst best når han får jobba med sprø idear og kundar som forstår verdien av godt design.
Kjernekompetanse
Teknologiar og program
Utviklar
Hege er utdanna dataingeniør frå UiS, og ønsker med denne bakgrunnen å kunna bidra med ny kunnskap. Ho er veldig interessert i webteknologiar og er oppteken av design og brukaropplevingar. I hovudsak jobbar ho med WordPress-løysinger der hovudmålet alltid er fornøgde kundar og brukarar.
Kjernekompetanse
Teknologiar
Utviklar
Lukas er sjølvlært kodar og har tidlegare jobba innanfor filmbransjen og med foto-retusjering. Dette har gitt han eit skarpt blikk for visuelle detaljar, og dette brukar han til å lage elegante, digitale løysingar for våre kvalitetsmedvitne kundar.
Kjernekompetanse
Teknologiar
Utviklar
Lisa har studert japansk kultur og språk, 3D-modellering, animasjon og front-end utvikling. Ho likar alt frå «over the top» spanande løysingar med ville utfordringar til minimalistisk design med god brukarvenlegheit.
Kjernekompetanse
Teknologiar og program
Utviklar
Runar har ein bachelor i datateknologi fra UiB. Tidlegare har han jobba 3 år som utviklar for fintech-selskapet Stacc i Bergen, og før det 2 år med transportplanleggingssystemet til Zendera i Oslo. Runar trivst best i backendkoden og likar gode teknologiske utfordringar.
Kjernekompetanse
Teknologiar
Utviklar
Henning har ein bachelor i informasjon- og kommunikasjonsteknologi frå UiB. Gjennom heile utdanninga har han arbeida 2 år hos Zendera som frontendutviklar, og 2 år hos Styreportalen som fullstackutviklar. Henning er alltid klar for nye utfordringar og likar å prøva ut nye teknologiar for å løysa dei.
Kjernekompentanse
Teknologiar
Utvikling & design
Andrea har fagbrev innan grafisk design og frontendutvikling. Ho er oppteken av å skapa nettsider og digitale løysingar som både er visuelt fine og brukarvenlege – både på framsida og på baksida. Andrea trivst med eit høgt tempo og tar kreative utfordringar på strak arm.
Kjernekompentanse
Teknologiar
UX-designar
Astrid har fagskulegrad i UX design. I tillegg har ho ei mastergrad i musikkvitanskap og etterutdanning i prosjektleiing. I mastergraden brukte ho kvalitative intervju som primærmetode, og er godt driven i brukarundersøkingar og analysar av dei. Ho har jobba mykje med nettsider og tekniske løysingar i ulike bransjar, og er derfor god til å setja seg inn i kva for nokre behov og utfordringar forskjellige bransjar har. Astrid har erfaring med redaktørrolla i WordPress, og kjenner derfor oppsettet godt.
Kjernekompentanse
Teknologiar
Utviklar & designar
Sindre trivst med alt som utfordrar og vert trigga av kreative prosjekt. Før han kom til oss jobba han 4 år som webdesignar i eit reklamebyrå på Forus, men var etterkvart klar for nye utfordringar sør for Skjævelandsbrunå. Med eit over gjennomsnittleg energinivå går overskuddsenergien etter arbeidsdagen til 5. divisjonsfotball på Klebe, løping, ski, squash og fjellturar.
Kjernekompentanse
Teknologiar
Me er alltid interessert i å treffa kjekke og flinke folk, så ta gjerne kontakt med oss på bjornar@grensesnitt.no om du vil ta ein kaffe og ein prat.
Easee lager ladere som er enkle og elegante. Sammen med Studio Oker har vi sørget for at nettsidene også skal være det.
Bestill reservedelar til pukkverket ditt utan grus i maskineriet.
Arkitektbyrået Helen & Hard er blant dei leiande i Skandinavia innan arkitektur i tre. Materialet og strukturen i trevirket ville me få med over på nettsidene.