Akvaguiden – alt om havbruksnæringa
På oppdrag frå Akvaguiden AS
Akvaguiden samlar og leverer kunnskap om havbruksnæringa i Norge.
Felles for alt me gjer er at me likar å samarbeida med kundar, partnerar og andre leverandørar for å laga ting som er enkle å bruka – både for deg og for kunden din.
Me lagar det du treng! Om du har ein idé eller eit behov du treng å få løyst, og ikkje har eigne utviklarar, så passar Grensesnitt godt for deg. Me kan vera eit lite og komplett utviklingsteam for deg.
Åleine eller saman med partnerar lagar me digitale tenester, nettsider og produkt som fungerar for alle plattformar og skjermstorleikar. Me set ofte opp og skreddarsyr WordPress som publiseringssystem til nettsider.
Treng du eit meir spesialisert innhaldshanteringssystem har me god erfaring med å setja opp og tilpassa det norskutvikla publiseringssytemet Sanity.
Ofte lagar me enten heile eller delar av mobilappen som ein webapp – då kan du bruka den i ein vanleg nettlesar i tillegg. Det er ein fordel om du óg treng at innhaldet ditt skal vera enkelt tilgjengeleg for søk og krysslenking på nett.
Treng du å bruka fleire av dei innebygde funksjonane på telefonen, som tett integrasjon med kamera og push-varsling kan me pakka webappen inn i eit tynt app-skal. Appen kan då lastast ned gjennom AppStore og GooglePlay, og du får den som eit ekte app-ikon på heim-skjermen din.
Me lagar integrasjonar mellom eksisterande system eller mellom ditt skreddarsydde program og andre system. Til dømes om du treng at kontaktskjemaet på nettsidene går rett inn i CRM-systemet ditt for oppfølging, eller at innlogginga i det nye systemet skal bruka Single-Sign-On med Entra-ID.
Når alt er ferdig og lansert, så er me óg rigga for drifting av løysningane, samt kontinuerleg vedlikehald og oppdateringar.
Alt etter kva me skal hjelpa deg med har me mange reiskapar i verktøykassa vår; KI/AI, brukarinnsikt, interaksjonsdesign, brukartesting, designsprintar (Google Design Sprint), papirskisser, prototyping, strategisk rådgivning, WordPress, Sanity, React, Node.js, chatbot-ar, app-utvikling, API, SDK-ar med meir.
Me vel det som passar best til utfordringa.
Har du ei utfordring me kan hjelpa deg med?
Gi ein lyd til Bjørnar Tollaksen – han er dagleg leiar (og utviklar) og kan svara på det meste: bjornar@grensesnitt.no / 911 00 918
Akvaguiden samlar og leverer kunnskap om havbruksnæringa i Norge.
R-NOVA er eit digitalt system for planlegging og monitorering av tunnelvasking som me har laga for Risa AS
Rødne Fjord Cruise tilbyr utsøkte fjordopplevingar i Stavanger, Bergen og Tromsø. Med sjøsettinga av dei nye nettsidene sørgjer me for at kundane kan cruisa gjennom billettkjøpet óg.