Øster Hus bygger uansett! Som ein proff og påliteleg utbyggar, trong dei óg nettsider som stod for dette. Saman med procontra har me sørga for godt grunnarbeid, med ein solid konstruksjon på toppen.
222
11
28
Østerhus, prosjekt i Kodlidalen
For Øster Hus er det viktig å kunna visa fram dei ulike bustadfelta sine på ein god måte. Når du opprettar ei side for eit nytt felt, startar den med ein mal med standardkomponentar. Seljaren eller redaktøren kan sjølv velja å fjerna, legga til og endra rekkefølgjen på elementa, slik at sida vert skreddarsydd til det som passar best for det enkelte bustadfeltet.
boligvelger

I bustadveljaren markerar me ut bustaden du ser på direkte i teikninga, samt i lista. Me har laga automatikk der oversiktssidene for felt og delfelt hentar info direkte frå det som er lagt inn om kvar enkelt bustad på feltet. Talet på kvadratmeter, talet på rom og liknande vert då basert på faktisk tilgjengelege bustadar.

Prisane på dei ulike husa vert lagt inn ein stad og på den måten sørgar me for at prisen alltid er rett og oppdatert, overalt.

Når ein bustad vert markert selt vert alt oppdatert automatisk. Det skjer fleire gongar om dagen at ein bustad vert markert som selt, så då er det ekstra viktig at du kun treng å gjera dette ein stad.

kontakt megler

I bustadveljarane har me laga ein CRM-integrasjon direkte til meglaren. Dette gjer at når kunden ser på og melder interesse for ein spesifikk bustad, sender me dette direkte til meglaren som er ansvarleg, saman med kva for ein bustad kunden har sett på.

plotting av boligfelt på kart

Når Øster Hus skal publisera nye bustadfelt, har me laga ei løysing der dei kan teikna inn bustadfelt direkte på kartet i publiseringsløysinga WordPress.

222
11
28
Sammenligning av boliger
Er du på jakt etter ny bustad kan du favorittmarkera dei ulike bustadane du er interessert i og samanlikna dei.
Relaterte boliger

I løysinga har me laga funksjonalitet som automatisk hentar ut liknande bustadar basert på at dei liknar i storleik, talet på soverom, pris og geografisk plassering.

Holon

Nye nettsider for Holon

I samarbeid med Studio Oker heart

Arkitektfirmaet Holon lagar arkitektur som bryr seg, og dette ville me óg at nettsidene skulle bry seg om.