Dette vil du få bryna deg på:
Som designer hos oss vil du jobba med å laga digitale løysingar, både appar, nettsider og webbaserte system, frå start til slutt. Av daglege arbeidsoppgåver vil du gjera blant anna brukarundersøkingar (intervju, observasjon, brukartesting), gjennomføra arbeidsmøter med kundar og samarbeidspartnerar, digital strategi, konseptutvikling, skisser, prototyping og brukartesting. Du vil jobba tett saman med utviklarane heile vegen fram til me har laga og lansert løysinga. Ofte er me óg med å utvikla løysingane vidare etter lansering.
Akkurat korleis du legg opp arbeidsdagen og prosjekta kan du i stor grad styra sjølv. Då er det ein fordel om du kjenner til eindel metodikkar og teknikkar innanfor UX og brukarsentrert design som kan hjelpa deg å planlegga og veta kva du bør gjera i eit prosjekt for å koma fram til eit godt sluttprodukt.
Som konsulent får du ein god bredde og variasjon i prosjekta. Dersom du likar å setja deg inn i nye bransjar og synest det meste er interessant når du lærar meir om det, vil du trivast godt her. Av områder vår noverande designer har vore innom kan me nemna undervisning i grunnskulen, pukk og grus, anleggsmaskinar, CNC-maskinar, kokebøker, motivasjonsappar med meir.
Har du lyst, kan du óg vera med på andre oppgåver knytta til drifta av eit lite selskap; tilbodsskriving, salsmøter, rekruttering av nye kollegaer, innreda kontorlokala, bestemma kva me har lyst til å finna på utanom arbeidstid. Dersom du vil ha ansvar for noko, så er det veldig sannsynleg at du får det.