DigUp – digitalt verktøy for planlegging av undervisning
digup.no – På oppdrag frå NettOp (UiS)
Innsikt og konsept
Prosjektgruppa og NettOp kom til oss med nokre overordna tankar om undervisningsverktøyet, samt ein PowerPoint med skisser av ønska nøkkelfunksjonalitet.
Med dette som utgangspunkt gjennomførte me nokre intervju med lærarar i målgruppa for å betre forstå deira kvardag og behov. Basert på innsikta jobba me i fleire iterasjonar med skisser og prototyping av verktøyet.
Undervegs i designfasen gjennomførte me jamnlege arbeidsmøter med prosjektgruppa hos Lesesenteret. I prosjektet var det óg med ei referansegruppe med lærarar frå Jærskulen som bidrog med innsikt, innspel og justering av verktøyet.
Design og interaksjon
Todelinga av skjermen er bærande for designkonseptet.
På den eine sida har du det som læraren må fylla ut – på den andre sida er det rettleiing og fagleg innhald.
I det visuelle uttrykket har me tatt med vidare grønfargane som Lesesenteret ved UiS har i sin profil. For å fungera godt digitalt har me lagt til både ein mørkare og lysare valør av denne. For å få nokre fleire fargar i verktøykassen har me lagt til tre støttefargar; gul, melon og korall.
Skrifttypen, Encode Sans Semi Condensed, er den same som UiS brukar på sine nettsider. Den vert omtala som ein arbeidshest av ein sans serif skrifttype, og det synest me passar bra i denne samanhengen.
I DigUp kan lærarane planlegga undervisning av ulike tema i faga, samt at dei kan setja temaplanane i rekkefølgje i form av ein årsplan for faget.
Undervegs i planlegginga får læraren faglege spørsmål eller råd basert på forskning.
For å kunna sjå dei ulike tema innanfor eit fag i samanheng kan læraren visuelt planlegga heile skuleåret i eit fag i ein årsplan.
Teknologi
I prosjektet har me óg bidratt med alt av utvikling:
- Me har laga frontend i React og backend i Node med Nest.js som rammeverk.
- For lagring av data har me brukt ein MySQL-database.
- Sjølve applikasjonen vert køyrt i to Kubernetes-cluster; eitt for staging og eitt for produksjon.
- Lokalt for utviklaren vert applikasjonen køyrt i Docker, slik at me kan bruka dei same konteinarane i utvikling som i produksjon.
- For enkel og sikker innlogging for alle lærarane har me integrert med Feide gjennom deira OpenID Connect/OAuth 2.0-protokoll.
- For automatisk e-postutsending brukar me MailChimp.
MinSiS – ein stad for alt SiS kan tilby studenten
I samarbeid med Okse
MinSiS er både ein app og ei nettside og gir studentane tilgang til alt Studentsamskipnaden i Stavanger(SiS) kan tilby. Appen og nettsida er bygd på ein felles innhaldsplattform.
Enkle og elegante nettsider for Easee
I samarbeid med Studio Oker
Easee lager ladere som er enkle og elegante. Sammen med Studio Oker har vi sørget for at nettsidene også skal være det.
Solid konstruksjon av nye nettsider for Øster Hus
I samarbeid med procontra
Øster Hus bygger uansett! Som ein proff og påliteleg utbyggar, trong dei óg nettsider som stod for dette.