Jærskulen og Lesesenteret ved UiS har gått saman i eit forskningsprosjekt med mål om å laga eit godt digitalt verktøy for undervisningsplanlegging i grunnskulen. Me har bidratt med innsikt, design og utvikling.
Skisser av prosess

Innsikt og konsept

Prosjektgruppa og NettOp kom til oss med nokre overordna tankar om undervisningsverktøyet, samt ein PowerPoint med skisser av ønska nøkkelfunksjonalitet.

Med dette som utgangspunkt gjennomførte me nokre intervju med lærarar i målgruppa for å betre forstå deira kvardag og behov. Basert på innsikta jobba me i fleire iterasjonar med skisser og prototyping av verktøyet.

Undervegs i designfasen gjennomførte me jamnlege arbeidsmøter med prosjektgruppa hos Lesesenteret. I prosjektet var det óg med ei referansegruppe med lærarar frå Jærskulen som bidrog med innsikt, innspel og justering av verktøyet.

179
230
184
Utfordringa DigUp vil løysa
For alle fag finst det læreplanar som seier kva elevane skal læra i faget. For lærarane er det viktig at dei underviser elevane slik at dei lærer det dei skal i høve læreplanen. DigUp skal støtta lærarane i å laga gode temaplanar som er forankra i læreplanane. I tillegg skal verktøyet bidra til god samanheng mellom mål for undervisninga, innhald, arbeidsmåtar og vurdering. I planleggingsprosessen får du rettleiing og støttetekstar forankra i forskning.
designkonseptet for digup

Design og interaksjon

Todelinga av skjermen er bærande for designkonseptet.

På den eine sida har du det som læraren må fylla ut – på den andre sida er det rettleiing og fagleg innhald.

Font og farge i DigUp

I det visuelle uttrykket har me tatt med vidare grønfargane som Lesesenteret ved UiS har i sin profil. For å fungera godt digitalt har me lagt til både ein mørkare og lysare valør av denne. For å få nokre fleire fargar i verktøykassen har me lagt til tre støttefargar; gul, melon og korall.

Skrifttypen, Encode Sans Semi Condensed, er den same som UiS brukar på sine nettsider. Den vert omtala som ein arbeidshest av ein sans serif skrifttype, og det synest me passar bra i denne samanhengen.

DigUp framside

I DigUp kan lærarane planlegga undervisning av ulike tema i faga, samt at dei kan setja temaplanane i rekkefølgje i form av ein årsplan for faget.

Lag ny temaplan i DigUp

Undervegs i planlegginga får læraren faglege spørsmål eller råd basert på forskning.

Årsplan i Digup

For å kunna sjå dei ulike tema innanfor eit fag i samanheng kan læraren visuelt planlegga heile skuleåret i eit fag i ein årsplan.

Teknologi

I prosjektet har me óg bidratt med alt av utvikling:

  • Me har laga frontend i React og backend i Node med Nest.js som rammeverk.
  • For lagring av data har me brukt ein MySQL-database.
  • Sjølve applikasjonen vert køyrt i to Kubernetes-cluster; eitt for staging og eitt for produksjon.
  • Lokalt for utviklaren vert applikasjonen køyrt i Docker, slik at me kan bruka dei same konteinarane i utvikling som i produksjon.
  • For enkel og sikker innlogging for alle lærarane har me integrert med Feide gjennom deira OpenID Connect/OAuth 2.0-protokoll.
  • For automatisk e-postutsending brukar me MailChimp.