Kompetansebroen – kompetansedeling for ei betre felles helseteneste
Kompetansebroen.no – I samarbeid med Conteir
Kompetansebroen si ledestjerne er å bidra til at dei pasientane som sjukehus og kommune deler får den beste behandlinga. For å klara å gi pasientane så god behandling som mogleg er deling av kompetanse livsviktig og Kompetansebroen.no gir helsepersonell og studentar tilgang til over tusen kvalitetssikra opplæringsfilmar, digitale kurs, fagartiklar, podkastepisodar og arrangement.
Nettsida har eksistert sidan 2018. I takt med at både innhaldsmengda og talet på brukarar auka, vaks det óg fram eit behov for å gjera det enklare å finna fram i og bruka innhaldet. Saman med spesialistane på helseinnhald i Conteir har me ein rammeavtale over fleire år med Kompetansebroen, og har starta på eit gradvis redesign, forbetring av brukaropplevinga og teknisk oppgradering av sida.
For å finna ut korleis sida vart opplevd både av redaktører og brukarar gjorde me ei rekke intervju. Saman med Conteir intervjua me både dei lokale redaksjonane, helsepersonell, leiarar og studentar for å forstå brukarane og kva dei treng.
Basert på intervjua kom det fram at spesifikke filmar og digitale kurs var det mest verdifulle og oftast brukte innhaldet, og bruksstatistikken stadfesta dette. Ein typisk brukssituasjon er helsepersonell som er på veg inn til en pasient for å gjere ein prosedyre som dei ikkje gjer så ofte. Då er det gull å kunna sjå ein tre minuttars kvalitetssikra video som visar korleis du skal gjera akkurat dette.
Ei viktig føring for redesignet vart derfor å finna ein måte å løfte det mest populære innhaldet og gjera det enkelt for brukaren å finna.
I det gamle designet vart alle innhaldstypane vist fram likt. Det gjorde det vanskelegare å sjå kor vidt noko var ein video, eit kurs eller ein podkast. Innsikta fra brukarane tyda på at dei ofte visste om det var ein film, eit kurs eller ein artikkel dei leita etter, og i det gamle designet var ikkje det så lett å sjå dette.
For at brukaren intuitivt skal sjå kvar for ein type innhald det er, tok me det som er unikt med kvar innhaldstype og brukte det som verkemiddel i designet.
Ein film har typisk ein varigheit og ein avspelingsknapp, medan ein podkast-episode har varigheit, sesong/episode og lenker vidare til Apple/Spotify. Ved å løfta fram desse eigenskapane vil brukarane lettare forstå kva dei ser på utan at dei treng å lesa tekstane.
Me har óg bistått Kompetansebroen med:
- Gjennomføring av tilgjengelegheitserklæring og forbetringar for å møta krava.
- Fasilitering av både digitale og fysiske arbeidsmøter for å jobba med kjerneinnhald og oppsett av sider for legar og helsefellesskap.
- Løysinga er laga i publiseringsverktøyet WordPress. Etter at me tok over drifta har me jobba med å redusera bruken av plug-ins, forbetra hastigheiten og rydda opp i koden.
DigUp – digitalt verktøy for planlegging av undervisning
På oppdrag frå NettOp (UiS)
DigUp er eit digitalt verktøy for planlegging av undervisning i grunnskulen. Me har bidratt med innsikt, design og utvikling.
Godkjenningsportal for PC-ordninga for elevar
For Rogaland Fylkeskommune
Fylkeskommunen gir økonomisk støtte til PC til alle elevar som har rett på plass på ein offentleg vidaregåande skule. Me har laga ei løysing som sikrar at alle som har rett på støtte får det, pluss at den gir mindre manuelt arbeid.
MinSiS – ein stad for alt SiS kan tilby studenten
I samarbeid med Okse
MinSiS er både ein app og ei nettside og gir studentane tilgang til alt Studentsamskipnaden i Stavanger(SiS) kan tilby. Appen og nettsida er bygd på ein felles innhaldsplattform.