Fylkeskommunen har ei ordning som gir økonomisk støtte til PC til alle elevar som har rett på skuleplass på ein offentleg vidaregåande skule. Me har utvikla ei godkjenningsløysing som sikrar at alle som har rett på elev-PC skal få det, samtidig som den gir mindre manuelt arbeid.

Slik fungerte elev-PC ordninga før

Prosessen var asynkron og førte til lang ventetid for eleven, samt mykje manuelt arbeid for fylkeskommunen.

0
0
0
Illustrasjon av den gamle måten å bestille elev-pc på

I midten av juli fekk dei beskjed om dei hadde skuleplass eller ei, og først då kunne dei gå inn i elev-PC nettbutikken og bestilla PC med rabatt. Beløpet vart reservert på kontoen deira.

Frå fylkeskommunen si side, var det to studentar som jobba heile sommaren med å nitidig sjekka inntakslister opp mot bestillingslister og manuelt avgjera kven som hadde rett på støtte og ikkje.

I august fekk elevane svar på om dei fekk støtte eller ei. Hadde dei rett på elev-PC vart datamaskinane sendt ut. Hadde dei ikkje rett på elev-PC fekk dei beløpet refundert, men inga grunngjeving.

Slik fungerar elev-PC ordningen no

Prosessen er automatisk og det går like fort som å kjøpa PC i ein vanleg nettbutikk!

0
0
0
Illustrasjon av den nye måten å bestille elev-pc på

No kan elevane logga inn i elev-pc-nettbutikken med MinID, og via godkjenningsportalen får dei automatisk beskjed om dei har rett på støtte eller ei.

Har dei ikkje rett på støtte får dei beskjed om dette før dei legg inn ei bestilling. Dei får óg ei forklaring på kvifor dei ikkje får støtte, samt kontaktinformasjon om dei vil klaga.

Godkjenningsportalen – betre for eleven og betre for fylkeskommunen

Prosjektet starta i 2011 med den grunnleggande funksjonaliteten og har blitt vidareutvikla og forbetra siden då. No kan elevar som har rett på elev-PC førehandsgodkjennast ved at dei loggar inn med MinID. Om dei ikkje vert førehandsgodkjent får dei ei grunngjeving med ein gong, så slepp dei å venta og lura på kvifor. I tillegg har me laga ein e-signering for avbetaling over tre år synkronisert opp mot løysinga, der enten foresatte eller elevar over 18 år kan signera.

0
0
0
Illustrasjonsbilde av godkjenningsportal

Kvar elev får kun støtte til éin maskin, og løysinga sjekkar automatisk alle elevar som søker om datamaskin opp mot inntakslister og om dei har rett til det. Dersom det dukkar opp duplikat vert dei lagt på ei eiga liste, slik at dei kan sjekkast opp manuelt. I tillegg hjelper systemet til med å oppdaga elevar som har utnytta støtteordninga, og fått støtte til meir enn ein PC via forskjellige leverandørar.

Løysinga er i dag tatt i bruk av fylkeskommunane i Rogaland, Viken, Vestland, Trønderlag og Troms og Finnmark. Alle deira leverandørar, blant anna Komplett, Elkjøp, Eplehuset, ATEA med fleire har gjort tette integrasjonar mot løysinga frå sine nettbutikkar.