Appen skal sørga for meir kos og mindre kaos på kjøkkenet når barna deltek i matlaginga.
224
26
84
Illustrasjonar til oppskriftene
Bærande for konseptet er dei gjennomarbeida illustrasjonane som ein finn både på ingrediensar, utstyr og på dei enkelte trinna i oppskriftene. Illustratør, Øyvind Hoel, har laga desse og gitt liv til karakterane Iver & Evne som gir deg tips og råd medan du lagar maten.
vaffeloppskrift

Bakgrunn

Iver & Evne vart starta av Torill Steinback Hoel i 2016 med ei målsetjing om å få meir kos og mindre kaos på kjøkkenet når barna skulle delta i matlaginga. Dei første åra har ho testa konseptet med 30 trykte oppskriftskort med illustrerte og trinnvise oppskrifter. I dette prosjektet fekk me oppdraget med å laga den digitale varianten av oppskriftene.

Skisser av oppskrifter

Konsept og design


Basert på dei eksisterande fysiske oppskriftskorta, samt innsikt frå Iver & Evne om kva som fungerte og ikkje fungerte, jobba me med å skissa ut ulike idear for korleis konseptet kunne omsetjast til digital bruk. 

Lagar vafler

Prototype og brukartesting

Sidan me allereie hadde eit grundig og gjennomført illustrasjonsmateriale kunne me raskt starta å jobba digitalt og laga skisser og ein klikkbar prototype i Figma. 

I første versjon optimaliserar me den digitale oppskriftsløysinga for bruk på mobilskjermar, men den kan sjølvsagt óg brukast på større skjermar.

For å finna ut om me var på rett veg køyrte me brukartest av løysinga og gjorde justeringar basert på dette.

224
26
84
Skjermbilder frå app.iverogevne.no
På framsida kan du sjå alle oppskriftene, og det er ei enkel filtrering for å gi deg oppskrifter som passar til det tidspunktet du har lyst til å laga mat. For kvar oppskrift får du ei landingsside med oversikt over kva ingrediensar du treng og kva utstyr du må finna fram, før du trinn for trinn kan setja i gang med å laga maten. For kvart trinn ser du ein illustrasjon av kva du skal gjera, kombinert med ingrediensar du treng og ei kort forklaring.
Landingsside for oppskriftsløysinga

Me har óg laga og satt opp ei landingsside med inngang til oppskriftene: https://app.iverogevne.no/

Iver & Evne er no i ein testfase der eit testpanel får testa ut oppskriftene. På sikt skal dei selja tilgang til oppskriftene gjennom ei abonnementsløysing.

Oppsett i Sanity

Teknologi

Me har brukt React som rammeverk for frontend.

For innhaldsjobbing valte me publiseringsløysinga Sanity. Det er ei såkalla hovudlaus CMS-løysning som eignar seg veldig godt til denne typen strukturert innhald. Alle ingrediensar vert lagra som ein eigen datatype med illustrasjon, det same for utstyr. For kvar oppskrift kan du så henta ingrediensar frå den globale ingredienslista, og så spesifikt for oppskrifta oppgi mengde.

For å handtera medlemsskap og innlogging har me satt opp ein integrasjon med Memberful.