MinSiS – ein stad for alt SiS kan tilby studenten
Nettsidene – MinSiS.no – I samarbeid med Okse
Både appen og nettsidene viser kva SiS gjer og brettar ut tenestetilbodet dei har til studentane. Ved første gangs bruk vert studentane losa gjennom 10 steg som fortel dei alt dei bør veta som nye studentar; fadderveka, studentbustader, studentbevis, pensumpakkar, sportssenteret, arrangement, helsetenester og kaféar.
I prosjektet har me bidratt med alt av utvikling. Me har laga frontend i React, med Next.js som React-rammeverk for nettsidene. I backend har me brukt Node, og me har laga integrasjonar med eksterne system, som Feide for innlogging og kassasystemet i kafeen for kaffikort.
Til å halda styr på innhaldet har me valt Sanity, som er ei norskutvikla hovudlaus/headless publiseringsløysing. Det vil seia at presentasjonen er skilt fra sjølve innhaldet, slik at det går saumlaust å legga inn alt innhaldet ein stad og så visa det både i appen og på nettsida.