Studio Oker lagar design som varer, og som får fram det unike i kvart produkt og hos kvar kunde. På sine eigne nettsider har dei fått hjelp av designaren Niklas Rosén til å formidla det unike i alle arbeida sine.
0
0
0
Det viktigaste for Studio Oker er å visa fram det dei gjer for sine kundar. Videovisninga på framsida gir deg visuelle smakebitar frå prosjekta. Videoane er spesiallaga både i ein horisontal visning for store skjermar, og i ein vertikal visning for mobilskjermar, for å gi eit best mogleg inntrykk basert på den skjermstorleiken du har. Dette vert enkelt løyst i WordPress ved å ha eit eige felt for mobilvideo. Dersom mobilvideo er lagt inn vert denne vist for skjermstorleikar under 1040 pixlar.

Gjennomtenkt typografi er eit kjenneteikn med alt Studio Oker lagar. Dette kjem óg til syne på deira eigne nettsider, der dei har valt fonten Next, designa av det sveitsiske skriftforlaget, Optimo. Typografien kjem til sin rett i dei store overskriftene som me animerar inn. For å få eit optimalt tempo på animasjonen, vert kvart ord animert inn for seg. Overskrifta vert lagt inn på vanleg måte i WordPress, så splittar me i etterkant teksten i ord og finjusterar animasjonen.

Ein av dei fine detaljane er sekunda som tikkar frå når Studio Oker vart etablert. For å få til dette har me brukt et JavaScript-bibliotek som heiter Moment.js. Startdatoen for prosjektet vert lagt inn på kvart prosjekt i WordPress. Datoen vert så henta ut, sendt inn i ein funksjon som finn differansen frå dagens dato og viser datoen på ein forståeleg måte. Denne vert oppdatert kvart sekund.

0
0
0
Kvart prosjekt vert sett opp ved hjelp av fleksible modular/blokker i WordPress. For å gjera kvart case mer særeige kan profilfargen til kunden bli lagt inn som bakgrunnsfarge bak overskrifta. Etterkvart som du skrollar nedover og går i dybden på prosjektet glir bakgrunnsfargen over i kvitt.
Nattmodus på nettsidene til Studio Oker

Dersom du surfar på nettet etter at mørket har senka seg, så kan du frå klokka 20 sjå på nettsidene til Studio Oker i nattmodus. Då byttar det om frå å vera svart tekst på kvit bakgrunn til kvit tekst på svart bakgrunn.