Vitenfabrikken – del av utstilling
Vitenfabrikken på Sandnes opna hausten 2025 ei ny utstilling om hjernen, og som del av denne har me laga grensesnittet til den digitale stasjonen «Chat med en historisk AI»
0
27
43
Stasjonen er samansett av ein datamaskin med touchskjerm og tastatur, og den lar deg testa ut fire augneblikksbilete av KI gjennom tidene, i eit tidstypisk design. Dei 4 modellane du kan testa er Eliza frå 1966, Jabberwacky frå 1995, A.L.I.C.E frå 2009 og VitenChat frå 2023.
Fire historiske KI-modellar presentert på ei tidslinje
Me har laga konsept, design, frontend og litt backend.
Sidan det er ein del av ei publikumsutstilling må alt skje lokalt på stasjonen, utan nettilkobling. Sjølve språkmodellane køyrer på forskjellige portar lokalt. Me har laga frontenden som ei nettside, der du kan bytta mellom dei 4 KI-modellane, og som snakkar med dei fire ulike språkmodellane. Du kan då senda tekst frå frontenden og så får me tekst tilbake frå backenden som me viser.
Eliza – 1966
Tidstypisk monokromt design med grønt på svart.
Jabberwacky – 1995
Tidstypisk design ala. Windows 95.
A.L.I.C.E – 2009
Tidstypisk design ala. Windows 7.
VitenChat – 2023
I moderne, lyst chatbot design.
Lyst til å testa det ut sjølv?
Du finn utstillinga i første etasje på Vitenfabrikken på Sandnes. I tillegg til alle dei andre gilde utstillingane og aktivitetane du finn der!