Saman med Netlife har me laga fine og tekstbaserte nettsider for Språkrådet.
255
245
0
Framsida på sprakradet.no
Me har satt opp publiseringsløysinga WordPress og gjort alt det tekniske med import av innhald, integrasjonar og andre finesser. Netlife har bidratt med design av både det visuelle og innhaldet, analyse og stødig prosjektleiing. I samarbeid har me designa ei nettside som gjer det enklare for brukarane å finna svar på sine spørsmål, samtidig som uttrykket er meir moderne og heng betre saman med Språkrådet sin visuelle profil.
sprakradet.no på mobil

Nye nettsider, men mykje gamalt innhaldsgull

Nettsidene er bygd på nytt på ein skreddarsydd WordPress-plattform, men mykje av det språklege gullet frå dei gamle nettsidene har fått vidare liv i ny drakt.

Me har blant anna importert over 1000 språklege spørsmål og svar, ei årrekke med nyheiter og fleirfoldige sider med gigantiske tabellar av typen norske avløysarord for engelske ord, ordliste med omsetjing frå bokmål til nynorsk, og namn på statsorgan på både bokmål og nynorsk.

Viser søkeresultatsida på sprakradet.no

Forbetring av søket

Søket er forbetra med vekting av resultat basert på innhaldstypar, samt synonymordliste i søket slik at du skal få like gode resultat uavhengig av om du søkjer på nynorsk eller bokmål.

Nokre av dei tekniske detaljane

  • Utvikla og implementert innhaldsmodular i Gutenberg for å gi redaktørane gode verktøy for å sjølv laga innhald
  • Programmatisk migrert over ei stor mengde innhald frå gamal nettside til ny, inkludert 1500 artiklar fra svarbasen (Språkspørsmål og svar)
  • For å forbetra søkeresultata satte me opp og integrerte ElasticSearch.
  • Satt opp at Språkrådet kan motta tilbakemeldingar frå brukarane av nettsidene.
  • Kobla opp analyseverktøy, nyheitsbrevpåmelding og sjekk av daude lenkjer etter innhaldsmigrering
  • Rådgiving knytta til val av tekniske løysingar.