Rødne Fjord Cruise tilbyr utsøkte fjordopplevingar i Stavanger, Bergen og Tromsø. Med sjøsettinga av dei nye nettsidene sørgjer me for at kundane kan cruisa gjennom billettkjøpet óg heart
0
79
159
Mobilvisnign av rodne.no i gamal og ny drakt
Tala viste at over 70% av kundane til Rødne bestilte billettar på mobil, men dei gamle nettsidene var skreddarsydd til større skjermar. Med dei nye nettsidene ville me gjera kundeopplevinga god og smidig på små skjermar, samtidig som me fekk formidla dei utsøkte fjordopplevingane. I prosjektet har me gjort brukartesting og innsikt, konsept, interaksjonsdesign, justering av visuell profil og design av nettsidene, integrasjonar med billett- og bookingsystem, utvikling og oppsett av WordPress, samt drift og vedlikehald av nettsidene.
Viser nøkkelinformasjon om ein tur på rodne.no

Betre flyt inn i bookingløpet

Dei aller fleste skal kun kjøpa éi fjordoppleving éin gong i løpet av livet. Basert på ein brukartest avdekka me at eit av dei største problema var at folk hamna for brått inn i bookingløpet, før dei hadde nok informasjon til å avgjera om det var den turen dei ville på.

I tillegg var det vanskeleg å få oversikt over kva turar som gjekk frå kva for ein destinasjon.

På dei nye nettsidene tilrettelegg me for begge delar; du kan finna meir info om turen og deretter gå til booking, eller du kan gå direkte til booking om du allereie veit kva du vil ha.

Viser praktisk info for eit fjordcruise på rodne.no

Få fram fjordopplevingane

Når du skal bestemma deg for og booka eit fjordcruise må du finna ut av når båten går, kvar den går frå, kva det kostar – og om det faktisk er akkurat den turen du har lyst til å reisa på.

På sidene som presenterar kvar tur samlar me all praktisk informasjon i nedtrekkslister – så får du raskt oversikt og kan velja å lesa meir om det du lurar på.

 

Redaktørgrensesnittet i WordPress for rodne.no

Rydda opp i redaktørgrensesnittet

Ein av dei viktigaste forbetringane me gjorde var å forenkla oppsettet i redaktørgrensesnittet. For å gjera det meir logisk å finna fram til det innhaldet ein skal endra på, rydda me i heile oppsettet av WordPress. I tillegg samla me all data ein stad slik at vedlikehaldet vart enklare og redaktørane slapp å oppdatera fleire stader.

I tillegg til teknisk oppsett av WordPress gjorde me integrasjonar med CityBreak for booking av turar og iTicket for å henta informasjon om tilgjengelege avgangar.

Endring frå gamle til nye ikon på rodne.no

Foredling av den visuelle profilen

Rødne vart starta i 1956, så rederiet og det raude, blå og kvite rederiflagget har ein lang historie. Den visuelle profilen til Rødne tar utgangspunkt i desse fargane, og det har me vidareført på nettsidene, men tilpassa vektinga av fargane til digital bruk.

For å tettare knytta den visuell profilen opp mot rederiflagget har me gått frå runde hjørner og strekar til skarpe kantar og fylte flater. Ikona har fått ein oppfrisking og gått frå strekteikningar til fylte flater i profilfargane.

Skrifttypen Univers har me beholdt – den vart designa av sveitseren Adrian Frutiger i 1957 – kun eitt år etter at Rødne vart starta. Så dei kjem frå same tidsepoken. Univers er framleis i bruk over heile verda og er framleis ein av dei mest populære sans-serif skrifttypane.

0
79
159
Me er óg godt nøgde med nokre av dei små og fine detaljane me har fått lagt inn. Som animasjonen av Rødne-båten i footeren!