Heimdal tilbyr fond for langsiktig avkastning. Nærare 40 000 norske investorer og spararar har valt å plassere pengane saman med Heimdal. Me er glade for at dei har investert i ny nettside saman med oss og Fasett.
0
47
68
Framsida til heimdalfondene.no
I den nye logoen og grafiske profilen frå Fasett er ein stilisert H i kjernen i identiteten. Kombinert med ein tydeleg fargepalett som spelar på det som får ting til å spire: jord, næring, vatn og luft. Basert på profilen og design frå Fasett har me satt opp og implementert nettsidene.
Viser modular på heimdalfondene.no

Modulær nettside

Nettsida er bygd på WordPress. Her har me skreddarsydd oppsett og design av eit sett med modular. Heimdal kan då sjølv setja saman nye sider og oppdatera innhaldet, samtidig som dei er trygge på at alt ser ut som det skal og i tråd med den visuelle profilen.

Arkiv over marknadsrapportar

Migrering av historisk innhald og nyheitsarkiv

For å unngå ein stor manuell jobb med å flytta innhald frå gamal til ny nettside satte me opp ein automatisk migrering av det innhaldet som skulle vera med vidare, blant anna marknadsrapportar og nyheitsarkiv.

Viser integrasjonar med finans-api

Integrasjon med finans-API

Alt innhaldet som skal haldast kontinuerleg oppdatert hentar me direkte frå kjelda. Her har me satt opp integrasjon med finans-API for å henta kurs, historisk fondsutvikling, måltall og annan finansiell data som hjelpar kundane å forstå kva for nokre fond dei skal velje.