1. juli slutta gamle Google Analytics (GA) å samla data. Dette er ei lenge varsla endring, og noko dei fleste som brukar GA har fått eit uttal e-postar med varslingar om.

I den nye versjonen av Google Analytics brukar dei ein annan måte å spora brukaråtferd på, og denne skal gi betre personvern og (etter eige seiande) vera innanfor GDPR-regelverket (EU si personvernforordning).

For å vera innanfor GDPR er det framleis påkrevd å be om samtykke til bruk av persondata, og sidan brukarar framleis er sporbare og GA samlar persondata er det (dessverre) naudsynt med cookie-varsel eller liknande for å ivareta og samla samtykke. Cookie-varsel er slike store boksar som dekkar cirka halve nettstida og ber deg om å «Akseptere alt» eller «Tilpassa». Desse boksane er ikkje veldig brukarvenlege, men er påkrevde om ein gjer ein eller annan form for sporing basert på persondata (blant anna Facebook Pixel, Google Ads eller andre former for re-targeting).

Det finst nokre lyspunkt: Plausible Analytics og Matomo er to alternativ til Google Analytics som er både er fullt innanfor GDPR-regelverket og anonymiserte. Her betalar du med nokre kroner i abonnementsavgift i staden for å betala med data om brukarane.

Så kva for eit av desse bør du velja? Me har gjort ein liten analyse for deg.

Plausible – eit lettbeint analyseverktøy

Google Analytics var jo uansett alt for avansert for oss vanlege dødelege, så her kjem Plausible til unnsetning!

Skjermdump frå Plausible

Plausible er enkelt og oversiktleg, og om du har ei vanleg nettside og vil veta litt om besøkstal, kvar brukarane kjem frå, kva sider som er mest brukt, kvar brukarane er plassert (geografi) og om bruken skjer via mobil, nettbrett eller desktop så er det Plausible du treng.

Du finn meir om dei på https://plausible.io, og prisen ligg på cirka 95 kroner per månad for moderate besøksmengder på nettsida.

Matomo – for deg som vil, og treng, å grave djupare i statistikken

Dersom du var ein av dei som verkeleg brukte all funksjonaliteten i Google Analytics kan Matomo vera eit fullverdig alternativ.

Bilete av Matomo sitt dashboard

I Matomo kan du sjå på data frå ulike innfallsvinklar og i ulike kombinasjonar. Det kan vera komplekst å setja seg inn i, men om du har klart å forstå Google Analytics, så trur me dette vil gå greit.

Du finn meir om dei på https://matomo.org og det kostar cirka 220 kroner per månad for moderate besøksmengder på nettsida.

Er du usikker på kva du bør velja?

Me kan gjerne hjelpa deg i gang – kontakt bjornar@grensesnitt.no, og slå av ein prat om statistikk.