I løpet av mine 17 år med design av digitale produkt, har eg jobba med mange ulike prosjekt, kundar, tilnærmingar og metodar. Dette er mine fem beste tips for å laga digitale produkt som funkar.
Frå stafettmodellen til smidig utvikling

Aller først – desse tipsa passar best inn i eit smidig utviklingsløp. Om du jobbar etter stafettmodellen er hovudproblemet at du må bestemma deg for korleis ting skal vera før du bygger det.

All erfaring viser at du lærar så mykje om korleis ting burde vore når du set i gang, og det er dette som vert kalla ein smidig utviklingsmetodikk. I eit smidig utviklingsløp er læring, eksperimentering og involvering av brukarar/kundar viktige ingrediensar og der passar desse tipsa godt inn!

#1 Forstå problemet

Ei vanleg utfordring er at me hoppar rett på ei løysing i staden for å jobba med problemet me skal løysa.

Forstå problemet

«If I had an hour to solve a problem I’d spend 55 minutes thinking about the problem and 5 minutes thinking about solutions» – Albert Einstein

Godt poeng frå Albert – løyser du feil problem, så lagar du feil produkt. Uansett kor godt handtverk du gjer med design og teknologi.

#2 Involvér brukarane

Å involvera brukarane er eit godt utgangspunkt for å forstå meir av problemet, og for å finna ut kva du kan laga som gjer kvardagen deira enklare.

Involvér brukarane

Det er ikkje bare i starten du bør ta med brukarane eller kundane – det gir stor verdi å ha dei med i heile prosessen. Ein metode som kan funka bra er å dra ut dit brukarane dine er og forstå meir av kvardagen og konteksten deira når dei skal bruka produktet ditt.

Snakkar du direkte med brukarane får du óg ofte veldig ufiltrerte tilbakemeldingar og lærar mykje om kva dei treng.

#3 Bli konkret raskt

Er du konkret så unngår du mange misforståingar, og sikrar at ikkje deltakarane i prosjektet snakkar forbi kvarandre.

Bli konkret raskt

I tillegg framtvingar du viktige diskusjonar rundt både brukaroppgåver og forretningsidé, som dukkar opp når du til dømes ser ein kjøpsknapp eller skal detaljera ut kva ein brukar faktisk skal gjera i løysinga di.

#4 Test det ut

Eller, dette handlar eigentleg heilt enkelt om å redusera risiko. Ved å laga noko som kostar lite pengar å utvikla og testa det, så kan du unngå å svi av masse pengar på å laga noko som ikkje funkar.

Test det ut

Det er fleire måtar du kan testa tidleg på, blant anna desse:

  • Brukartesting av digitale skisser, før du har koda ei einaste linje, gir deg moglegheiten til finna ut om det er ting som bør endrast før du går i gang med utviklinga.
  • Testa funksjonalitet der brukaren skal fylla ut eit skjema. Her kan du til dømes å setja opp utvalte delar av ei løysing for utfylling i Google Forms, Google si superenkle skjemaløysing.
  • Testa marknadsinteressa og betalingsvilja ved å setja opp salssida for produktet. Dette vert kalla ein «Fake Door Test». Randi BB Govertsen i Netlife Design har skrive ei god forklaring av kva falsk dør test er og korleis du gjer det.)

#5 Jobb tverrfagleg

Det krev kunnskap om mange fagområder for å laga gode digitale løysingar i dag. Så dersom du ikkje er ein digital einhjørning som kan alt, så bør du sørga for at alle fagområder jobbar saman.

Jobb tverrfagleg

Kva alle fagområder er kan variera alt etter kva du skal laga, men så lenge sluttproduktet er digitalt så bør det i alle fall vera med ein designer, ein frontendutviklar og ein backendutviklar og ein eller fleire som kjenner domenet/forretningsområdet/fagområdet godt.

Erfaringa tilseier óg at resultatet vert betre dersom alle har eigarskap til sluttproduktet og ikkje bare tenkjer isolert på sitt eige bidrag. Og dette er mykje lettare å få til dersom alle er involvert frå starten av.

Til slutt

Eg trur enno ikkje eg har køyrt det heilt perfekte prosjektet. Det er alltid noko som kan gjerast betre, og ofte er det faktorar som budsjett, tid og kva folk du har tilgjengeleg som kan spela inn.

Men, det eg i alle fall har erfart er at eg aldri har angra på det når eg har kunna jobba i tråd med eitt eller fleire av dei 5 tipsa! Det å forstå problemet, involvera brukarane, bli konkret raskt, testa det ut og jobba tverrfagleg gir alltid ein verdi – og det digitale produktet ditt vil funka betre!

Kan me hjelpa deg med ditt digitale produkt?

Kontakt meg, Martha Lyngnes, designer (martha@grensesnitt.no/97 64 62 89) eller Bjørnar Tollaksen, teknolog og dagleg leiar, (bjornar@grensesnitt.no/911 00 918) og me hjelper deg gjerne:-)