Digitalt påfyll med Startstreken – eit produkt frå SpareBank 1 Sør-Norge

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting heart
Startstreken er eit verktøy, utvikla av SpareBank 1 Sør-Norge, for alle som har ein draum om å starta bedrift. Du får hjelp til å koma i gang med forretningsplan og budsjett, samtidig som du får ein dose virkelegheitssjekk. I løpet av eitt år gjekk Startstreken frå idé til lansering.
Så korleis klarar ein stor og tung aktør som ein bank å jobba så smidig? Og det med ei innovativ tilnærming som brukar data, kunstig intelligens og ny teknologi på best mogleg måte?
Lena Mangersnes, Vibeke Lavik Bjaanes og Lene Skjæveland Bø frå SpareBank 1 Sør-Norge delar sine erfaringar frå arbeidet med Startstreken og gir deg nokre tips til korleis du kan lukkast med innovasjon og digital produktutvikling i eigen organisasjon.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: onsdag 11. juni 2025, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding