Digitalt påfyll med RamBase ERP – frå ein låve i Vats til industrien i verda

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting heart
RamBase er ikkje eit tilfeldig ERP-system. Det er resultatet av norsk industri, teknologimot og smidig utvikling. Frå ein låve i Nedre Vats til ei skyteneste brukt av internasjonale produksjons- og distribusjonsbedrifter.
Bak RamBase står Hatteland Group. Heilt sidan 1971 har dei vore pionerar innanfor teknologifeltet og utvikla idear som skapar ringvirkningar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Elisabeth Kverneland, Business Controller i RamBase, kjem til oss for gi innsikt i korleis dei jobbar, kvifor dei valde å byggje sjølv – og korleis små team kan slå store aktørar med pågangsmot og vilje.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 20. november 2025, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding