Digitalt påfyll med Norsk Regnesentral

Frukosttreff for alle som lagar, eller treng, digitale ting.
Anders Ueland Waldeland jobbar i einmanns-distriktskontoret til Norsk Regnesentral her på Bryne. Han har jobba med AI og maskinlæring sidan før det vart kult, og har til og med ein doktorgrad i dette! Han brukar det dagleg og kjem til å visa konkrete eksempel på korleis Norsk Regnesentral løyser komplekse utfordringar med AI.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 30. mai 2024, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding