Digitalt påfyll med Grensesnitt

Frukosttreff for alle som lagar, eller treng, digitale ting heart
Sjølv om du klarar å laga digitale ting, så er det ikkje gitt at du lukkast. Så kva er det som skal til?
Denne gongen stiller Grensesnitt sjølv med foredragshaldar. Vår eigen designer, Martha Lyngnes, gir deg tips for å laga digitale produkt som funkar! Med over 15 års erfaring med digitalt design, delar ho i dag litt av det som skal til for å lukkast.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 7. desember 2023, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.