Digitalt påfyll med Digitaliserings­direktoratet

Frukosttreff for alle som lagar, eller treng, digitale ting
Digitale, offentlege tenester både ser særs ulike ut og fungerar ulikt. Dette er ei utfordring for mange brukarar. Men, må desse nettsidene vera så ulike?
Marianne Røsvik leiar arbeidet med eit felles designsystem for offentlege tenester i Digitaliseringsdirektoratet og ho kjem til oss for å snakka om brukarvenlegheit på tvers av offentleg sektor.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 15. februar 2024, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Påmelding

    Program

    08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
    08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
    09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

    Slik kjem du deg til Rits

    Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

    Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
    Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.