Digitalt påfyll med Peerlo

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting heart
Kan det å snakka med nokon som har opplevd det same som deg, vera til hjelp når livet buttar i mot? Peerlo er ei digital løysing som koblar menneske saman med andre menneske med liknande erfaringar.
Ole Aarre opplevde sjølv depresjon, og noko av det som hjalp han vidare var å snakka med ein person utanfor næraste krets, men som hadde liknande erfaringar sjølv. Peerlo er bygd opp rundt at fleire skal få moglegheiten til å koma i kontakt med sine «peers» – likepersonar med relevante livserfaringar.
I foredraget vil Ole dela sine erfaringar med korleis han har jobba frå idé til første versjon av løysinga, finansieringa undervegs og korleis han ser for seg forretningsmodellen framover.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: onsdag 14. oktober 2026, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding