Blue Planet Academy er ein digital læringsplattform for havbruksnæringa. Dei trenar opp folk som jobbar med laks, sjømat og havbruksdrift over heile verda. Frå norsk lakseproduksjon til produksjon av tilapia i afrikanske land.
26
34
76
Framsida i Blue Planet Academy
Blue Planet Academy kom til live i 2018 og har sidan då bygd opp eit rikhaldig bibliotek og ein omfattande kurskatalog med animerte opplæringsvideoer retta mot oppdrettsnæringa. Med åra vart kodespråket utdatert og portalen var bygd på og utvida i alle retningar. I 2025 overtok me ansvaret for portalen og då var det på tide med ein teknisk oppgradering. Me har skrive om absolutt alt til eit nytt kodespråk og gjort forbetringar i design og UX undervegs.
Kursmodul i Blue Planet Academy

Modulbasert læring

Kursa i Blue Planet Academy er bygd opp med korte videoar og animasjonssnuttar med tilhøyrande spørsmål. Det styrkar læringa undervegs.

Innhaldet i kursa er tilpassa internasjonale brukarar på tvers av land og tidssoner, både med tanke på fiskeartar, lokal lovgivning og språk. I dag finst det kurs på både norsk, engelsk, islandsk, polsk, fransk, spansk og swahili.

 

Viser eit utval kurs som finst i ulike språk

Blue Planet Academy i tal

  • Over 30 000 abonnentar
  • Kvar dag vert opp mot 500 kurs starta
  • 343 bedrifter er registrert som kundar
  • 175 ulike kurs er tilgjengeleg i portalen.
  • 7 forskjellige språk er representert i kursmaterialet

Parallelt med drift og vedlikehald forbetrar og vidareutviklar me løysningen. Her må me halda tunga beint i munnen slik at kursportalen alltid virkar for dei over 30 000 abonnentane over heile verda.

 

26
34
76
Oversikt for bedriftsadmin i Blue Planet Academy
Som administrator for ei bedrift har du ei alltid oppdatert oversikt over kven som har kva for nokre kurs. Du kan enkelt melda opp tilsette til nye kurs, og får påminningar når sertifiseringar er i ferd med å gå ut.
Kursoppsett i admin på Blue Planet Academy

Administrasjon av bedrifter, brukarar og kurs

Som bedrift er du sikker på at kursa dei tilsette tek alltid er oppdatert. Beste praksis endrar seg, regelverk endrer seg, og det gjer kursa i Blue Planet Academy òg – kursa vert fortløpande oppdatert i tråd med gjeldande krav, fagkunnskap og teknologi.

For å få til dette er det essensielt at Blue Planet sjølv kan halda innhaldet oppdatert – utan å vera avhengig av oss for kvar einaste endring. Heile admin-grensesnittet i akademiet er redesigna, justert og vidareutvikla for å gjera det enkelt og funksjonelt å bruka.

Det siste punktet er faktisk noko av det viktigaste me gjer i alle prosjekt: å laga løysingar der kunden har reell kontroll over eige innhald og eigne data.

Admin-grensesnittet i Blue Planet Academy

DLearn – systemet bak akademiet

Ein god og solid e-læringsplattform er det jo ikkje bare havbruksnæringa som treng!

Systemet Blue Planet Academy er bygd på kan óg brukast av andre bransjar og av andre kundar. E-læringsplattformen er fleksibel, skalerbar, driftssikker og stresstesta globalt gjennom bruken i Blue Planet Academy.