Digitalt påfyll med Grensesnitt – ein filosofisk diskusjon om KI

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting heart
Kunstig intelligens (KI) har nok kome for å bli, men er det ven eller fiende? Me står midt i den rivande utviklinga, og det kan vera vanskeleg å sjå kva som er dei store gevinstane og kva som kan vera problematisk. Og ikkje minst – kvar går vegen framover?
Frykt ikkje! Bjørnar Tollaksen og Vegard Hanssen tar diskusjonen om KI, og lovar sterke meiningar og interessante perspektiv.
Radarparet jobbar i Grensesnitt, og begge to er utviklarar i botn. Dei brukar KI kvar dag, og vil raust dela sine tankar med oss.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 18. juni 2026, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding