Akvaguiden samlar og leverar ein unik kunnskap om havbruksnæringa i Norge. Det som før var fragmenterte bitar med kunnskap i det store datahavet, er tråla inn og har fått sin plass i ein koordinert stim av data om vekstareal, oppdrettarar, lokalitetar og bedrifter i havbruksnæringa.
1
30
62
Framsida på Akvaguiden.no
Akvaguiden samlar, strukturerar og tilgjengeleggjer informasjon om alle aspekt ved havbruksnæringa i Norge. Du finn blant anna blant anna oversikt over kven som driv oppdrett, kvar aktiviteten føregår og kva miljøpåverknad som er knytta til aktiviteten. I tillegg finn du oversikt over nye områder som er regulert til vekstareal for havbruk.
Kartutsnitt som viser oppdrettsanlegg og vekstareal

Kartvisning av vekstareal og lokalitetar

I det skreddarsydde kartet, bygd på Mapbox, hentar me data frå Kartverket og Fiskeridirektoratet via API. Du får full oversikt over fylker og kommunar, og kva vekstarealer som er tilgjengelege, samt eksisterande lokalitetar til lands og til vanns.

Graf som viser antall lus for eit oppdrettsanlegg

Nøkkeldata om alle lokalitetar

Frå ulike datakjelder, som Fiskeridirektoratet og BarentsWatch samlar og viser me nøkkeldata om alle oppdrettsanlegg i Norge. Du kan blant anna finna oversikt over lakselussituasjonen og om det eventuelt er gjort tiltak mot lakeselus. I tillegg finn du nøkkelinformasjon om art, produksjonsområde, tillatt produksjonsmengde, miljøundersøkingar siste 10 år, historikk over sjøtemperatur og registrerte rømningshendingar.

Viser sammenligning av 3 bedrifter innen havbruksnæringen

Bedriftsbase med alle oppdrettarar, leverandørar og andre aktørar i havbruksnæringa

Akvaguiden samlar og gir ei unik oversikt over alle oppdrettsselskap og andre bedrifter som produserar eller leverar teknologi, utstyr eller tenester til havbruksnæringa.

Du kan velja opp til 5 selskap for ei meir inngåande samanlikning av finansiell status. All data samlar og samanstiller me basert på data frå Brønnøysundregistrene.

Kart og lokalitetar på Akvaguiden

Litt om teknologien

Frontenden er bygd i Next.js, eit React-basert rammeverk, og backenden i Nest.js – eit Node-basert rammeverk. Me brukar Typescript både på frontend og backend.

Mykje av innhaldet vert henta inn og oppdatert automatisk via API til Fiskeridirektoratet, Barentswatch og Kartverket. For at Akvaguiden skal kunna oppdatera redaksjonelt innhald sjølv har me satt opp og skreddarsydd Sanity Studio som publiseringsløysing.