Digitalt påfyll med Ixys

Frukosttreff for alle som lagar, treng eller har digitale ting heart
Korleis går vegen frå radiostyrt bil på Klepp, til bilar, klargjort for sjølvstyring, på flyplassar i Europa?
Historia til Ixys startar i 2019 med tre menn på eit loft som har lyst til å besøka ein sjuk tilsett med ein radiostyrt bil. Men, frå Klepp til Klepp Stasjon er det for langt til å få det til med ein vanleg fjernkontroll. I løpet av eit par timar utviklar dei derfor ein prototype for kjøring av bilen over 4G. Kult!
Det som starta med leik og fortsatte med eksperimentering har no ført fram til bilar, klargjort for sjølvstyring, som er i drift og utvikling på fleire flyplassar i Europa. Og bilen er designa og bygd på Bryne!
Bjørn F. Esaiassen er systemarkitekt og ein av gründerane i Ixys, og vil gi oss innsikt i korleis dei har eksperimentert, lært og fått til å laga banebrytande kontrollsystem for fjernstyring med bruk av moderne mobil- og satellitteknologi.
Kom og få kaffi, skjeva og digitalt påfyll!
Illustrasjon av kaffikopp

Praktisk info

Tid: torsdag 19. februar 2026, frå 08 – 09
Stad: Rits Kafé & Vinstove på Bryne (Storgata 9, kart)
Plass til: 40 personar

Program

08:00 – Dørene opnar og frukost servert (kaffi, juice og skjever)
08:30 – Foredrag på cirka 15-20 minuttar, med tid til litt spørsmål og drøs etterpå
09:00 – Cirka ferdig, slik at du kan gå vidare på jobb

Slik kjem du deg til Rits

Rits Kafé & Vinstove ligg i Storgata 9 på Bryne, rett ved Bryne Torg.

Kollektivtransport: Det tar cirka 30 minuttar med tog frå Stavanger sentrum. Rits ligg 150 meter frå Bryne stasjon.
Bil: Du kan parkera i gata, eller så finst det fleire parkeringshus i nærleiken.

Påmelding