Søk om støtte frå Grensesnitt ❤️💚💙

Grensesnitt er eit lite digitalbyrå med 13 tilsette på Bryne. Me lagar nettsider og appar for våre kundar. Kvart år deler me ut ein del av overskotet vårt til barne- og ungdomsorganisasjonar i lokalmiljøet.

I år er potten på 185 000 kroner.

Obs! Søknadsfristen har gått ut for i år. heart

Kvifor gjer me dette?

Bjørnar, som starta Grensesnitt, er ein engasjert fyr som óg er aktiv i barne- og ungdomsarbeid på Bryne. Det likar me! No går det godt med Grensesnitt, og då synes me alle det er gildt å kunna dela med lokalmiljøet. 

Kven har fått støtte før?

Tidlegare har blant anna Kulturbanken, Kverneland Ski, Bryne KFUK/KFUM, Fotospirene i Bryne Fotoklubb og Gledespatruljen ved Rosseland Skule fått pengar frå oss.

Kven kan søka og kva kan du få?

  • Alle som driv med arbeid retta mot barn- og ungdom kan søka
  • Me er ei Bryne-bedrift og vil derfor prioritera lokale initiativ (Bryne/Jæren)
  • Heile potten er på 185 000 kroner i år, og de kan søka om opp til 25 000 kroner.
  • For at me skal kunna gi vekk pengane som ei skattefri gåve må me kunna visa til at me har fått litt marknadsføringsverdi tilbake. De må derfor kunna visa Grensesnitt-logoen på nettside, program, post på sosiale media eller liknande.

Fristar

  • Søknadsfrist 29. oktober 23:59
  • Grensesnitt går gjennom søknadane og vel ut dei som får støtte innan 3. november
  • Me sender eit svar til alle, om du får støtte eller ei, etter 3. november

Søk om støtte

Fyll ut skjema og søk om støtte

Har du spørsmål kan du snakka med Bjørnar Tollaksen (dagleg leiar): bjornar@grensesnitt.no