Vind i segla for Havfram.com
havfram.com – I samarbeid med Fasett
Saman med Fasett har me hjulpe Havfram med transformasjonen frå eit olje- og gasselskap til eit selskap som satsar på havvind. Tekst og innhald er det First House som har stått for, og 3D-animasjonane er laga av Ben Hodges.
0
108
126
Havfram er tydelege på ambisjonen sin om å bli eit leiande selskap i overgangen frå olje- og gass til havvind. Designet til Fasett bygger opp under tydelegheiten både med typografi, bilete og 3D-animasjonar (laga av Ben Hodges) og me har overført dette óg til digitale flater.
Video og animerte illustrasjonar er ein viktig del av den visuelle identiteten til Havfram, og me har videreført bruken av dette på nettsida. Óg i dei interaktive elementa.
0
108
126
For å bevare den lange historia til Ocean Installer har me migrert over alle nyheitene som selskapet har publisert tilbake til 2011. Når dei no ligg på dei nye nettsidene har me sørga for at dei visuelt óg framstår som ein integrert del av nettsidene.
Kva skjer i Energisentralen til Stavanger kommune?
I samarbeid med procontra
Me gir deg svaret med ei interaktiv visualisering av energiforbruk og korleis energien flyttar seg mellom ulike bygg og kjelder.
Nye nettsider for Nordic Bulk
I samarbeid med Okse
Bestill reservedelar til pukkverket ditt utan grus i maskineriet.
Solid konstruksjon av nye nettsider for Øster Hus
I samarbeid med procontra
Øster Hus bygger uansett! Som ein proff og påliteleg utbyggar, trong dei óg nettsider som stod for dette.