Korleis funkar eigentleg nettsida di? Kan små justeringar gjera at du tenar meir pengar?

Ein brukartest er ein enkel og effektiv måte å finna ut korleis nettsida di fungerar. I pakketilbodet vårt får me inn 5 testpersonar som prøvar å løysa oppgåver på nettsida di. Forskning har vist at det er nok til å avdekka omlag 85% av bruksproblema på ei nettside. Etter testen får du ei oppsummering av dei viktigaste funna og forslag til forbetringspunkter. 

Gjennomføring av digital brukertest

Dette inngår i brukartestingspakken vår

Planlegging

  • Møte med dykk for å gå gjennom nettsidene, vanlegaste brukaroppgåver, ting de lurar på, målgrupper.
  • Bestemma tid og dato for test
  • Rekruttering via TestingTime (cirka 5000kr for 5 testpersonar. Kvar testperson i 30 minuttar)
  • Laga testopplegg

Gjennomføring av digital brukartest

  • 5 testpersonar, 1 dags gjennomføring
  • Me stiller med 1 moderator og 1 observator
  • Undervegs kan relevante personar hos dykk delta i det digitale møtet og observera brukartesten. Dette vil me varmt tilrå – det gir ei sterkare oppleving å sjå korleis brukarane har det når dei brukar nettsida di i levande live.

Oppsummering

  • Punktvis oppsummering av dei viktigaste bruksproblema og forslag til tiltak
  • Møte med dykk for gjennomgang

Pris for fiks ferdig brukartest: 39 000,-

Kontakt oss for brukartesting

Kontakt vår UX-designer, Astrid Rommerud, astrid@grensesnitt.no / 950 84 351, så hjelper ho deg å legga ein plan for gjennomføring.

Bilete av Astrid Rommerud